søndag 11. juni 2017

Draumen


Draumen


Draumen var gamal då eg var ung
Draumen var du – og alle i kring
Livet var lett, men dansen var tung
Og draumen var med meg, i alle ting

Det gjekk dagar og timar, veker og år
Draumen den vaks og vart yngre med kvart
Alltid var du der, eit raudt lite sår
Det hende at eg spurde: Må det vere så hardt?

No er eg gamal og draumen er ung
Deg såg eg aldri att
Om lagnaden din vart lett eller tung
I minnet er du den dyraste skatt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle innlegg på bloggen er åpne for kommentarer.