Draumen
Draumen var gamal då
eg var ung
Draumen var du –
og alle i kring
Livet var lett, men
dansen var tung
Og draumen var med
meg, i alle ting
Det gjekk dagar og
timar, veker og år
Draumen den vaks og
vart yngre med kvart
Alltid var du der,
eit raudt lite sår
Det hende at eg
spurde: Må det vere så hardt?
No er eg gamal og
draumen er ung
Deg såg eg aldri
att
Om lagnaden din vart
lett eller tung
I minnet er du den
dyraste skatt