fredag 25. november 2016

En illustrasjon

Et minne kan blekne og forvrenges, men enkelte detaljer lyser skarpere enn andre.


lørdag 19. november 2016

Frisket opp tegningen fra i går

Fargene var litt blasse (hvorfor gjør jeg det hver gang, er jeg redd for å ta for hardt i?), så jeg ga bildet en omgang med Gimp. Forbedring?



Ikke nok forbedring etter min smak, så jeg tok en ny økt med "penslene". Men nå sier jeg meg fornøyd:


fredag 18. november 2016

Tilbake til røttene

En gang likte jeg å tegne båter og skip, og i hver eneste tegnetime på barneskolen ble noen nye fartøy "sjøsatt".

Nå ble jeg litt nysgjerrig på om slike motiver fortsatt kunne fenge, og - ikke minst - om jeg kunne skape noe jeg ble fornøyd med. Må innrømme at tegningen under fenget meg så til de grader at jeg prioriterte den fremfor øl på en fredagskveld! Og resultatet? Nja, hva skal man si. Kunne sikkert brukt mye mer tid på finpuss, men det får bli en annen gang.


torsdag 1. september 2016

I det fjerne


Jeg så en stjerne i det fjerne
en liten prikk, så uendelig stor
Min lille hjerne ville gjerne
finne svarene, men hvor?

Bibelen!, sa min mor
Vitenskapen!, sa min bror
Men den ene tok feil
og den andre visste ikke
(er det rart at man begynner å drikke?)

Jeg funderte og strevet
leste alt som var skrevet
Lyttet til andre som prøvde å svare
men fant ingen som kunne forklare

Hva skjer etter tidens ende?
Hva finnes bak universets grense?
Kan du gi meg et svar,
kan du si hvor jeg var
før alle ting ble til?

torsdag 19. mai 2016

Vårbukett i Nordfjord


Teikning etter eit foto eg tjuvlånte frå fotografen sin Facebook-vegg. Men ho ga meg no lov til å legge ut teikninga likevel. Takk for det, Linda, og takk for det flotte motivet!

Under kan vi sjå strekteikninga før eg byrja å legge på farge, lys og skuggar:

mandag 2. mai 2016

Små fingrar og korte lunter


Det å vekse opp på eit småbruk langt frå næraste by, på 70/80-talet, hadde sine fordelar. I alle fall sett med augene til ein nyfiken og klåfingra gutunge. Ein ting var at det ikkje var så nøye med aldersgrenser for ulike aktivitetar, til dømes å føre motorvogner av ymse slag, ein annan var det at det var så lett å stikke seg vekk for å drive med slike eksperiment som dei vaksne helst ikkje skulle vite om. Ein tredje ting, som ikkje er heilt uvesentleg i den samanhengen eg no skal fortelje om, er at leikevåpen i den tida både såg ut og høyrdest ganske likt ekte saker. Så om vi fekk spørsmål om kva det var som small så høgt midt i middagskvila, så var det sjølvsagt berre ein knallpistol.

Far min hadde, ikkje ufortent, ord på seg for å bruke dynamitt til så mangt når andre tilnærmingar slo feil, og universalmedisinen måtte jo oppbevarast ein plass. Jernkiste med hengelås såg han seg ikkje råd til, så han gøymde dynamitt, fenghetter og lunte på kvar sine lure plassar. Sjølvsagt visste eg til ei kvar tid korhen dei ulike bombeingrediensane låg.

I den vesle grå metallboksen sin låg dei blanke fenghettene laust, og eg tvilar den dag i dag på at Gamlingen tok seg bryet med å telje dei kvar gong han opna boksen. Då var det litt verre med lunta, kveilen burde helst ikkje minke for mykje om gongen, så vi vart bra flinke til å berekne trygg minstelengde.

Dei fyrste gongane vi prøvde oss som lettvekts skytebasar, drog vi oss så langt frå hus og folk at ikkje eingong ein nervøs hjort kunne ha høyrt noko på slik avstand, men motet steig jo etter kvart. I etterpåklokskap kan eg vel seie at vi heldigvis vart avslørte før vi rakk å bli så uvørne at det gjekk skikkelig gale. Og ikkje minst før vi vart modige nok til å prøve med sjølve dynamitten, i staden for «berre» fenghetter. Det skulle dei nok ha høyrt heilt inn på lensmannskontoret!

Sjølve prøvesprengingane kunne variere frå det relativt harmlause (brusflaske nedgreven i sand, ølboks bak ei rotvelte) til rein terrorisme (sprengd maurtue), men den eg hugsar best er denne: Ikkje langt frå huset mitt var det ein gammal, roten stubbe. Denne ville vi prøve sprengkrafta på, og ladninga vart plassert, lunta tend, og så rusla vi oss passande mange meter ifrå. Og der kjem det ein nyfiken, halvvaksen katt som lurer fælt på kva det er som fresar og ryk borte i stubben... Vi prøvar å jage han vekk, men til inga nytte. Han var ikkje langt unna då det small, men tre sekund etterpå trur eg kanskje han var kommen ut i Kjølsdalen, med den farta han fekk opp. Han skvatt ein dryg meter rett opp, snudde i lufta, og beina gjekk rasande fort lenge før han kom ned på jorda igjen. Ein svolten gepard hadde vore sjanselaus i spurten som følgde!

Vi var glade for all moroa vi hadde med fenghettene, ja, og i dag er vi vel alle glade for at vi fekk behalde både livet og fingrane. Og Gamlingen fann til slutt ein så god gøymeplass at eg til dags dato ikkje veit kvar fenghettene vart av.

Kven «vi» var? Vel, eg var den eine. Dei andre kan gje seg til kjenne om dei føler for det, men de får ingen namn av meg.